Våttabakken

(Foto: Ola Five ved minnebautaen på Våttabakken)

Nedst i bakken opp mot Eggevammen ligg restane etter ein gamal buplass. Ein bauta er reist på staden for å minne oss om ei tid så fjern frå vår. Bautane er i dag plassert om lag 30 m over havet, heilt inst i Steinkjerbukta. For 4500 år sidan sto havet høgare, og dette var eit nes i eit grunt sund der stranda låg berre 5 m nedanfor. Reinsvatnet, Fossemvatnet og Snåsavatnet var ein del av sjøen den gongen og buplassen i Våttabakken låg fint til ved innfallsporten til denne fjordarma.

I 1860-åra var det at bonden på husmannsplassen Nordre Steinkjerhaug, Johs. Holberg, fann nokre pilespissar av skifer på åkerstykket rett vest for husa på garden. Premieløytnant R. Ziegler dreiv med arkeologiske undersøkingar på Egge i 1871, og såg med det same på funnstaden for pilespissane. På åkeren vart det påvist ei sirkulær grå/kvit flate med ein diameter på 10 m. Denne var til dels omkransa av store runde steinar. Bestyraren ved oldsakssamlingen i Trondheim, Karl Rygh, tok seg ein tur same året, og det vart konkludert med at dette måtte vere ein teltplass, ettersom det og vart lokalisert ein eldstad inne i den lyse sirkelen.

Den grå/kvite fargen kom av eit kulturlag på om lag 18 cm som besto av skjel, sniglehus og knuste dyrebein. Dette blir gjerne kalla ei kjøkkenmødding, altså avfallsrestar etter matlaging. Funn av menneskebein gjer det truleg at dei gravla sine daude der dei hadde sine daglege gjeremål.

I tillegg til pilespissane vart det funne to spydspissa av skifer, ein kniv og ein kile, eit fiskesøkke og ei tverrøks av elg og ei pil av bein. Funna tyder på at buplassen kan daterast til yngre steinalder i perioden 4000-1500 f.Kr.

Steinalderbuplassen på Våttabakken har hatt mykje og seie for kunnskapsutviklinga i norsk forhistorie. Dette var den første buplassen frå yngre jernalder som vart undersøkt av arkeologar i Noreg, og for første gong vart det lansert teoriar om ein fastbuande nordisk stein- og bronsealderkultur.

178px-Bauta_VaattaabakkenPlakett_Vaattaabakken-bauta  (foto: Morten Stene)

For mer informasjon om kulturminnene i Steinkjer se https://www.steinkjer-kommune.net/eggevandring/egge/index.php