Vognutstilling

Oppe på fjøslemmen på Friluftsmuseet kan du oppleve ei unik samling vogner og anna utstyr på hjul, som har det til felles at dei på 18-1900-talet vart trekt av ein eller fleire hestar.
 
Dette er berre ein liten del av vognsamlinga til Egge Museum, men vi har laga ei representativ utstilling som syner mangfaldet i både framkomstmiddel og reiskap.
 
Her er mjølkevog, bikkvogn, langsleder, gigg og sluffer presentert med korte historier for kvar gjenstand. Du kan sjå trilla frå Chicago som eigaren av Egge gard, Otto Schulz, importerte til Egge i 1897. Eller la deg imponere av den flotte trilla til vognmann Holstad på Steinkjer som han brukte til å skysse Kong Haakon VII med, da han besøkte Steinkjer i 1906.
 
Bakarst i lokalet blir dei meir daglegdagse landbruksreiskapane som høyvogn og frauspreiar vist fram.
 
Spiss-slede_med_fester_for_trav-drag_og_vanlig_drag_x2x