“Gullgubbane frå Mærin” – miniseminar i Mære kyrkje

« Tilbake til kalender

NÅR:  12. sep 2015 @ 16:00
Hvor:  Mære kyrkje
Pris:   Gratis inngang og kaffe

Velkommen til mini-seminar i Mære kyrkje 12.-13. september!

Til Vikingfestivalen på Egge 2015 produserte Egge museum utstillinga Gullgubbane frå Mærin. Utstillinga fortel historia om dei 19 gullgubbane som vart funnet i samband med dei arkeologiske utgravingane i Mære kyrkje 1966-69.

Sidan utgravingane har dei originale gullgubbane vore ein del av samlinga ved NTNU Vitenskapsmuseet, dei siste tiår i fast utstilling ved museet i Trondheim.

Originalane er små, svært tynne gullplater der det er prega inn eit bilete som syner to menneske. Kven var desse to? Kvifor låg dei vakre gullflaka i jorda under golvet i Mære kyrkje?

Inne i kyrkja er det fleire svært interessante kunstverk – kva for ein plass hadde dei i den religiøse praksisen i si samtid?

Saman med Mære sokneråd vil Egge museum vise utstillinga Gullgubbane frå Mærin i Mære kyrkje, på sjølve funnstaden. Saman med nokre gode foredragshaldarar blir dette eit mini-seminar som belyser ulike sider av Mære som kyrkjestad. Vi håper du vil ha glede av å delta, og at seminaret vil lære deg meir om Mære som religiøst senter opp gjennom tida.

Foredrag:

Margrethe C. Stang: «Mære kyrkje i mellomalderen»

Margrethe er førsteamanuensis ved institutt for kunst- og medievitenskap NTNU og mellomalderforskar med spesialisering på norske maleri i høgmellomalderen (ca 1200-1350). Ho er svært opptatt av korleis desse kunstverka har fungert i sin opphavlege kontekst, altså bildekunst i religiøs praksis. I Mære er det fleire kunstverk frå denne perioden, og Stang vil prøve å gi oss eit bilete på korleis mellomalderkyrkja på Mære kan ha sett ut og fungert.

Gunhild Røthe: «Gerd og Frøy i norrøn mytologi»

Gunnhild er religionshistorikar og har gjennom sitt arbeid vist korleis samspelet mellom myte og historie, heidendom og kristendom, har forma sagalitteraturen, og dermed vår oppfatning av fortida. Ho har arbeidd spesielt mykje med Olav den heilage og norrøn mytologi. For tida skriv ho på ei populærvitskapleg bok om religionsskifte i Norden.

Bodil Østerås: «Gullgubbar, kva er det?»

Bodil er tilsett som arkeolog og fagansvarleg ved Stiklestad Nasjonale kultursenter, avdeling Egge museum. Ho har i dei seinare åra arbeidd mykje med arkeologien i indre Trondheimsfjord og Innherredsbygdene, og kjenner områda kring Mære godt.

Program

Laurdag 12. september

16:00     Velkommen til miniseminar ved leiar av Mære sokneråd, Lars Johansen

16:10     (Re)opning av utstillinga “Gullgubbane frå Mærin” ved dagleg leiar ved Egge museum, Ann Kristin Eidissen

16:20     “Gullgubbar, kva er det?” ved Bodil Østrås

17:00     Beinstrekk

17:50     “Frøy og Gerd i norønn mytologi” ved Gunhild Røthe

17:50     “Mære kyrkje i mellomalderen” ved Margrethe C. Stang

18:30     Kaffi og myldring i utstillinga

Søndag 13. september

09:00     Utstillinga opnar

11:00     Gudsteneste med gullkonfirmantar og historisk sus

Utstillinga skal stå slik at skoleklassar frå Mære og Sandvollan har tilgang til den i veke 38.

Egge Museum