Utstillingsåpning og foredrag: “Gullgubbene frå Mærin”

« Tilbake til kalender

NÅR:  10. jul 2015 @ 15:30
Hvor:  Stabburet
Pris:  

Vi åpner utstillingen “Gullgubbene frå Mærin”, og arkeolog Bodil Østerås holder foredraget “Gullgubber – hva vet vi om dem?”

Om utstillinga:

Gullgubbar er små, tynne flak av gull – ikkje større enn ein lillefingernegl til eit barn. Dei kan ha form av figurar, eller ha innstempla eller innrissa figurmotiv. Stort sett alle gullgubbane som er funnet i Norge har bilete av menneskepar, og den største samling av dei alle, er frå Mære.

Den norrøne litteraturen fortel oss at det ein gong har stått eit gudehov på Mære, og at det har vore ein stad for religiøse samlingar der det har blitt ofra og bedt til gudane. Gullgubbane er vårt nærmaste møte med menneskemotiver frå jernalderen, og de gir rom for undring. Kva for historier fortel figurane på gullblikket? Kvifor vart dei lagt i stolpehulla der gudehovet på Mære sto? Kva veit vi  –  kva trur vi?

Utstillinga viser dei 18 gullgubbane som vart funnet på Mære i samband med arkeologiske undersøkingar sist på 1960-talet. Den vil gjennom tekst, foto og gjenstandar lære oss om gullgubbane som fenomen. Gullgubbane i utstillinga er kopiar, og utstillinga fortel også om korleis slike blir lagd.

Vi vil tilrettelegge omvisingar i utstillinga både for barn og vaksne. Under Vikingfestivalen på Egge kan du også delta på foredrag og vandringar som vekker refleksjon kring dette å tru.

Vikingfestivalen på Egge 2015