Beitstadseminaret

« Tilbake til kalender

NÅR:  28. mai 2016 @ 12:30 - 17:00
Hvor:  Beitstad kirke
Pris:   200,- Vi har bankterminal.

I gamle Beitstaden står det i dag tre kyrkjer og eit kapell: Beitstad kyrkje, Namdalseid kyrkje, Malm kyrkje og Bartnes kapell. I tillegg finn vi restar etter gamle Solberg-kyrkjestad, og ein gravplass i Elda er framleis i bruk.

Kjenner vi til at det har vore fleire kyrkjer i Beitstaden opp gjennom tida? Når vart dei første kyrkjene reist, og kva var det som avgjorde kor desse skulle stå? Korleis oppsto prestegjeld og sokn, og korleis vart kyrkjene organiserte? Beitstadseminaret vil ta oss tilbake til førkristen tid og sjå på korleis samfunnsstrukturane endra seg med innføringa av kristendommen og korleis kyrkja verka inn på kvardagen til folk . Med utgangspunkt i Trøndelag vil vi etter kvart sirkle oss inn og bruke gamle Beitstaden som døme på norsk kyrkjehistorie.

Seminaret er åpent for alle interesserte, og koster 200,- inkl. all servering. Alle er velkommen ved døra.

Program

12:30    Servering av kaffe og vaffel

13:00    Velkommen til Beitstadseminaret

13:10    «Å lyde Roma som sin mor og herskerinne- en introduksjon til den middelalderske kirke» ved Heidi Anett Øvergård Beistad

13:40    «Overgangen frå heidendom til kristendom. Dei første kyrkane i Trøndelag» ved Jan Brendalsmo

14:25    Spørsmål

14:30    «Kyrkeorganisasjon og kyrkjeliv i mellomalderen» ved Merete Røskaft

15:15    Spørsmål og pause med servering av kaffe, mat og kaker

15:45    «Kyrkjer og sokn i Beitstad prestegjeld» ved Olav Skevik

16:20    Spørsmål og påkledning

16:30    Vandring til Solberg gamle kyrkjestad

16:40    Orientering på kyrkjestaden

17:00    Kulturelt innslag og avslutning

Med forbehold om endringer i programmet.

Har du spørsmål, kontakt Bodil Østerås på 994 62 809

Foredragsholdere:

Heidi Anett Øvergård Beistad arbeider som fagsjef og førstekonservator ved Stiklestad nasjonale kultursenter. Ho har i år disputert til doktor med avhandlinga “An Almost Fanatical Devotion to the Pope? Power and Priorities in the Integration of the Nidaros Province c.1152-1300.”

Jan Brendalsmo er seniorforskar i NIKU. Hovudarbeidsfeltet er knytt til forsking, registrering og utredning i samband med byer, tettstader og kyrker i mellomalderen. Doktorgraden i mellomalderarkeologi frå 2006 har tittlen: «Kirkebygg og kirkebyggere. Byggherrer i Trøndelag ca. 1000-1600».

Merete Røskaft er prosjektleiar ved Det kongelige norske videnskabers selskab. I 2003 leverte ho doktoravhandlinga «Maktens landskap. Sentralgårder i Trøndelag ved overgangen fra vikingtid til kristen middelalder» og har etter det mellom anna vore med å skrive Trøndelags historie.

Olav Skevik er vår lokale historikar som har arbeidd mykje med busettingshistorie i gamle Beitstaden. Det meste av Skeviks faglege forfattarskap er knytt til lokalhistoriske bøker og årbøker. Han var forfattar og redaktør til Trøndelags historie i 2005.

Arrangementet er et samarbeid mellom Den Norske Kirke – Beitstaden sokn, Beitstaden historielag og Egge museum.

Egge Museum