Saga på Hallem

Saga på Hallem vart reist på 1950-talet av Steinkjer skogskole (HINT), Egge vgs (Nord-Trøndelag fylkeskommune) og Steinkjer kommune. I 2008 tok Egge Museum over alt ansvar og vidare drift av saga.

Saga på Hallem ligg ved ski-stadion, er lett tilgjengeleg, og er tilrettelagt for å kome til med tømmarstokkar og sagvirke på ein enkel måte. Den er av historisk verdi, ettersom ho allereie er over 60 år gamal og framleis i drift.

Ved Egge Museum er vi opptatt av å bevare det autentiske og ikkje minst å kunne bruke og syne fram gamle handverksteknikkar. I det daglege arbeidet vil vi som museumsinstitusjon kunne dra nytte av å ha tilgang på ei gardssag. I tillegg til å sage virke til vedlikehald og reparasjonar av museale bygg, kan vi tilby sagehjelp til skoler, lag og foreiningar, institusjonar og andre som vil lære om vår lokale historie. For oss er der viktig at nye generasjonar får eit innblikk i prosessen frå eit tre blir hogge til det ferdige materialet kjem ut frå sagbruket.