Gardsdammen

Ein gardsdam beriker miljøet og skaper eit frodig dyre- og planteliv. Kulturhistorisk var dammar og tjern viktige innslag i og ved gardstunet. Her hadde familiane vatn til brannberedskap, for blautlegging av lin og som kjølelager for mjølk og matvarer. Gardsdammen ved Egge Museum er laga i samarbeid med Fylkesmannens miljøvernavdeling og Steinkjer kommune, med tanke på å syne verdien av dammane i kulturlandskapet. Resultatet viser at det er mogleg å forvandle blaute problemområder til eit viktig landskapselement for ei mengde artar i vår fauna.

Dammar og tjern tiltrekker seg både menneske og dyr. Ein turgåar vil naturleg søke ned til vasskanten for å ta ein rast. Vatn gir oss menneske ro. Gardsdammen ved Egge Museum er plassert slik at den skal vere lett tilgjengeleg for både menneske og dyr. Det er lagt til rette for rekreasjon med sitteplassar og bålplass slik at alle skal få nyte det yrande livet både over og under vassflata. Om vinteren kan dammen nyttast som skøytebane.

Insekt og smådyr som spreier seg med vinden eller flyg på eiga hand, vil ofte vere pionerane i og ved dammar. Amfibia kan også fort vere på pletten. Augestikkaren dukkar som regel ikkje opp før vegetasjonen har etablert seg. Igler og sniglar er avhengige av transport med fugl og kjem noko seinare. Vi håpar at det i løpet av nokre år vil vere etablert eit mangfaldig økomiljø med mange artar kring dammen vår.

Bruk gjerne gardsdammen ved Egge Museum, men hjelp oss å halde området fritt for søppel, slik at alle kan nyte naturperla i kulturlandskapet!

Garsdammen ved Egge Museum heilt nyetablert våren 2009

Garsdammen ved Egge Museum heilt nyetablert våren 2009

 

Gardsdammens historikk

Fram til 1930-40-åra vart alle større og mindre blautområde som ikkje låg langt frå gardane nytta som ein del av gardsbruket. I samband med gardstun og hamnehagar vart det grave ut dammar, så dyra skulle ha tilgang til vatn, til blautlegging av lin eller for å halde mjølka i mjølkespann kjørlege. Slike område utvikla seg til gode beite- og hekkeplassar for ender og vadefuglar. Dammar og tjern fekk tilsig av organisk materiale og næringsstoff frå jordbruket, og det utvikla seg eit rikt plante- og dyreliv.

Frå midten av 1800-talet starta eit omfattande drenerings- og senkingsarbeid i Noreg, for å auke areala med dyrkbar åkermark. Aktiviteten var spesielt stor frå 1920-åra, og det toppa seg i 1932 da det vart gitt statleg støtte til grøfting. Store område med blaut mark vart kanalisert, elver reinska, senka og retta ut, myrer grøfta og bekker lagt i røyr. Samstundes med at dyrka areal stadig vart større, gjekk antal husdyr tilbake. Dette resulterte i mindre behov for beiteareal. Tidlegare beiter vart difor dyrka opp eller grodde att med busker og kratt. Mange dammar som tidlegare var viktige som drikkeplassar for dyr, vart tatt i bruk som avfallsplassar eller fylt att med åkerstein.

Bestandar av plante- og dyreartar som er avhengige av næringsrike dammar og tjern gjekk tilbake. Det vart færre yngleplassar for frosk, padder og salamander. Småkryp og fisk knytt til rennande vatn fekk redusert sine oppvekstmiljø og fuglar knytt til næringsrike tjern og blaute område mista mange av sine hekkeplassar.

Med auka forståing for økologiske samanhangar har ein no forstått alvoret i at dammar er i ferd med å forsvinne frå kulturlandskapet. Kring 1990 vart det innført eigne støtteordningar for grunneigarar som vil restaurere næringsrike dammar, etablere nye dammar eller gjenopne bekker.

Dam og øy (3)

 

Livet ved dammen

Plantar

Næringsrike dammar og tjern er gjerne prega av eit stort mangfald av plante- og dyreartar. Dei fleste plantene trivst best i kantsona. Veldig utbreidd er vassgro. Med sine kvite eller bleikraude tretalsblomar er dei nokre av dei finaste vekstane ved dammen. Ei anna spesiell plante er piggknopp med kulrunde frukter med piggar i alle retningar. Takrør og dunkjevle kan bli fleire meter høge. Starr, siv og snelle veks lengst ut i vatnet. På vassoverflata flyt nøkkerose og ulike tjønnaksartar. I ekstra næringsrike dammar kan vassoverflata bli dekt av ein liten plante som kallast andemat. Planta består av eit tynt blad med ei sveverot som syg næring direkte opp frå vatnet. Også nede i vatnet kan det vere stor planteproduksjon. Vasshår kjemper seg opp frå botnen, og når den når overflata får den ein lysegrøn bladrosett som flyt på vatnet.

Vassgro Ender (5)

 

Insekt og småkryp

Dammar utgjer eit tilnærma lukka økosystem. God tilgang på lys og grunt vatn gjer at omsettinga av næringsstoff skjer raskt. Dette gir eit veldig produktivt livsmiljø. Artar som lever i dammen må tilpasse seg eit tøft miljø, med store svingingar i fysiske og kjemiske forhold. Oksygentilgangen under isen om vinteren er gjerne dårleg etter som store mengder organisk stoff skal brytast ned i eit lite vassvolum. Insekt og småkryp har tilpassa seg dette livsmiljøet med kort utviklingstid frå egg til vaksen og stor motstandsstyrke mot tørke i enkelte stadium.

Damdyr som tilbringer heile livsløpet i vatn blir kalla permanente vassbuarar. Døme på slike er sniglar, krepsdyr og fåbørstemark. Fåbørstemarken lever i botnen av dammar, der det vil danne seg eit tjukt lag med slam og delvis nedbrote humusmateriale. Små organismar som oppheld seg her er gjerne knall raude, lever i eit oksygenfattig miljø og er verdifulle for både ender og vadefuglar.

Damdyr som tilbringer ein del av livet sitt i lufta blir kalla temporære vassbuarar. Desse blir gjerne klekt i vassoverflata når temperaturen har nådd eit bestemt nivå på forsommaren. Dette kan vere augestikkar, vårfluge og døgnfluge. Larva til augestikkaren kan leve 4-5 år som botndyr før dei utviklast til flygande insekt for nokre veker. Augestikkaren, dei små fargerike vassnymfene og dei store libellane er kanskje dei ein først legg merke til ved breidda av dammen – i tillegg til mygg. Den vaksne stikkmyggen er kjent for dei fleste. Larvane lever i dammar og heng i vassoverflata for å få luft, som dei pustar inn gjennom eit rør på bakenden.

Virvlar og vasskalv er mørke vassbiller med stor variasjon i storleik. Vasskalven lever i botnen av dammen, medan virvlar gjerne blir oppdaga ved at dei symjar fort rundt og rundt på vassoverflata. Den spesielle symjeteknikken bidrar til å virvle opp mat frå botnen. I tillegg kan ein dam romme både edderkopp- og krepsdyr som vassmidd, vassloppe og hoppekreps.

Augestkkar Libelle

 

 

Fuglelivet

Fuglar og dyr som er knytt til næringsrike tjern har tilpassa seg denne spesielle vegetasjonen. Nokre brukar dammane som hekkeplass, nokre for å finne mat medan dei hekker i nærmiljøet, andre bruker dammen som rasteplass på lengre trekk. Fuglane finn raskt fram til nyetablerte dammar der dei drikk vatn og finn mat.

Rundt opne vatn er det mykje insekt som gir eit rikt fugleliv. Insektetande fuglar som lauvsongar, hagesongar og munk trivst i den tette lauvskogen nærme dammen. Det er registrert auke i svalar på gardane der det er grave ut nye dammar. Det er eit flott syn å sjå dei ulike svalene når dei drikk frå vassoverflata. Vipe og spove er artar som hekker i kulturlandskapet og finn næring i dyrka mark. Når dammen ligg nær sumplandskap og dyrka åker som her, vil slike fuglar kunne finne seg til rette.

Rørsongaren festar reiret sitt til den høge takrørvegetasjonen, og smett fram og tilbake på jakt etter insekt. Vasshøna, sothøna og sivhøna byggjer reir av visne vassplantar. Reira blir bygd mellom sumpplantane, og flyt som små sivbåtar på vassoverflata. Grasendene, som stokkand og krikkand, beiter i strandsona, men gøymer reiret eitt stykke frå vasskanten i sumpaktige område med høg vegetasjon. Grasendene dukkar sjeldan, men stikk hovudet under vatn på jakt etter vassplantar og småkryp. Kvinand og horndukkarar kan ein også få etablert, men det kan gå over 5 år før forholda ligg til rette for hekking.

Dammar som skal fungere som hekkeplass for ender og vadefuglar bør ha øy. Er øya open med låg vegetasjon vil den fungere som kvilestad. Her får fuglane god oversikt og kan enkelt flykte frå fare. Det kan ta tid å etablere ein hekkebestand rundt nye dammar, men om endene først får ei vellukka hekking kjem dei nesten alltid att året etter. 

Svale Stokkand

 

Amfibia

Sjølv om denne dammen er berre 1,5 m djup er den ein god ynglestad for amfibium. Etter som dammen er fisketom vil frosk, padde og salamander kunne oppsøker vatnet om våren. Når paringa er over søker dei igjen opp på land. Buttsnutefrosken og padda kan trekke fleire kilometer frå dammen. Amfibia kan truleg lukte seg fram til gytedammar. I løpet av sommaren utviklar ein ny generasjon amfibia seg, og i juli-september kravlar desse opp av vatnet. Det går minst tre år før amfibium er kjønnsmodne og vender attende til blautområdet der dei vaks opp. Globalt sett har amfibia hatt ein sterk tilbakegang dei seinare åra, og etablering av nye dammar er med på å ta vare på og auke bestanden av trua amfibium.

I gardsdammen ved Egge Museum har vi sett ut den sjeldne og trua småsalamanderen. Trivst denne , trivst også dei fleste andre amfibia. Dei vaksne dyra er 7-10 cm lange, brune, olivenbrune, grå eller svarte og ofte med ein mørk strek gjennom auget. Hannen har raudoransje buk med mørke flekkar med svart kloakkparti. Når han tek på leikedrakta får han ein samanhengande, bølgja ryggkam. Paringsleiken skjer i mai/juni, da ein kan sjå dyra i full aktivitet på botnen, eller i vassoverflata for å snappe luft. Etter paring kryp dei på land. Larvane blir forvandla i juli-september. På land kan ein helst sjå småsalamanderen i tussmørke, men medan dei enno er i vatnet kan dei observerast hengande under vassoverflata for å sole seg eller på jakt i øvre vasslag.

Småsalamander

Buttsnutefrosk