Fylkesmannsgården

Fylkesmannsgården vart bygd som bolig og kontor for fylkesmannen i 1919. I dag er huset ein del av Egge museum.

Fylkesmannsgården sto ferdig i mai 1919. Arkitekt var Peder Axel Moe Guldahl, som óg har teikna regimentsboligen på Steinkjer. Fylkesmannsgården er eit trepalé i ny- klassisistisk stil med ei stram, symmetrisk og logisk fasadeutforming. Til tross for sin storleik gir den eit tiltalande, lett inntrykk på nært hald. Bygningen har ei framtredande plassering like under Eggevammen, og er synleg frå dei fleste stader i byen. Fylkesmannsgården ligg mellom gravhaugar og tufter frå stordoms tid, og ein kan knapt tenke seg ein meir verdig og skulptural bygningsmessig markering av det moderne høvdingsetet Egge.

Fylkesmannsgården var embetsbustad fram til 1985 og kontor for fylkesmannsembedet fram til 1945. Ola Kveli var siste fylkesmann som hadde huset som bustad og etter han tok Egge Museum over fylkesmannsgården i 1986. Sju fylkesmenn har opp gjennom årene bodd i huset: Halvor Bache Guldahl (Fylkesmann i 1916- 1927), Haakon M. Five (Fylkesmann i 1927- 1941), Asbjørn Lindboe (Fylkesmann i 1945- 1959), Gustav Sjaastad (Fylkesmann i 1959- 1964), Ole Bae (Fylkesmann i 1964- 1972), Leif Granli (Fylkesmann i 1972- 1979), Ola H. Kveli (Fylkesmann i 1979- 1991).

I 2007 leda Egge Museum ein omfattande restaureringsprosess av fylkesmannsgården- både utvendig og innvendig. Dei besøkande får no ei oppleving av og tre inn i ein privat bustad, der dei tidlegare fylkesmenn sin posisjon i samfunnet blir tydeleggjort gjennom interiør og inventar. Huset blir brukt til møter, kurs, seminar og formidling, som kafe og til utleie for lukka lag.

I 2017 fekk huset blått skilt, og vart eitt av fleire bygg i Steinkjer som klassifiserast som historiske bygg. På denne sida finn du enda meir informasjon om Fylkesmannsgårdens historie, og dei øvrige historiske bygga i Steinkjer. Les mer

Ønskjer du å leie Fylkesmannsgården til ein sammenkomst, festleg lag, eller eit møte? Les mer 

Festsalen forberedelser_til_xpning_x9x