Friluftmuseet

På friluftsmuseet er det mange hus som er flytta hit frå ulike plassar i Nord-Trøndelag. Her finn du mellom anna eit typisk firkanta trøndertun slik det kan ha sett ut i siste halvdel av 1800-talet. Alle hus er tidsriktig innreidd med møblar, utstyr og andre gjenstandar. Friluftsmuseet kan du besøke kvar dag i sommarsesongen og elles på forespurnad.

Leinsleira

Leinsleira er namnet på våningshuset. Bygningen frå 1798 sto opphaveleg på ein husmannsplass under garden Lein i Sparbu, men kan likevel rangerast som ei lita trønderlån. Huset vart flytta til Egge Museum i 1985. Den siste som budde her var naturlegen Karl Johan Hamrum.

Leinsleira har raudmala bordkleding med staff, toramsvindauge med 16 ruter og teglstein av trøndertypen på taket. Huset står på ein gråsteinsmur med golvåsane direkte på grunnmuren utan forbinding med veggen. Huset er tømra med 24 omfar, 34 i tverrveggen opp til mønet. Inngangen er ei tofløya empirisk ytterdør med 4 fyllingar.

På innsida er tømmeret leirrappa. Dette var ein vanleg måte å isolere hus på i eldre dagar. Når huset hadde fått ”sett” seg etter 6-8 år, vart det hugge hakk i stokkane for å feste leir, lim, vatn, halm, naturhår og liknande på veggane. Utover 1800-talet kom det tapet og panel på innsida av tømmerveggane, men i skomakarverkstaden i 2. etasje finst døme på leirrapping.

Innvendig i Leinsleira er det dører med både ei, to, tre og fire fyllingar. Ein-fyllingsdøra mellom dei to minste loftsromma er truleg veldig gamal. Slike dører er typiske for 1700-talet. Mest imponerande er likevel dei to dørene som vender ut mot loftsgangen. Med tilhøyrande dørlister representerer dei ypparste handverksarbeid i stilarten Luis-Seize (i Noreg frå ca 1790–1810). Det typiske for denne stilen er rifla speil og dørlister. Dei to dørene frå Sparbu har ovale fyllingar på den eine sida og firkanta på den andre.

 Låven

Låven frå Oksvoll i Sparbu vart sett opp etter storstormen som herja distriktet vinteren 1837. Den vart flytta til Egge Museum i 1989, etter å ha ligge på lager sidan 1963.

Oksvoll-låven er 18,5 m lang og 7,15 m brei. Til rafta er det 20 omfar med tømmerstokkar av til dels grov dimensjon. På yttersida er stokkane flathogde, men på innsida har dei bevart si runde form. Med rett yttervegg fekk ikkje regnet så godt tak, og det var enklare å bordkle. Fin og jamn vegg kunne og ha ei estetisk grunngjeving. Låven har berre eit vindauge i tillegg til små gluggar. Det må ha vore mørkt på vinterstid. Fundamenteringa er nokså enkel. Lafteknutane kviler på ”steinruker” eller trestolper. Opphavleg har taket vore tekket med spon, men for å auke holdbarheten har vi lagt skifer.

Dette er ein tradisjonell tredelt kornlåve med låvebru midt på bygningen. I den eine enden av underetasjen er hestevandringa plassert. Prinsippet for denne type treskmaskin vart oppfunne av skotten Andrew Meikle i 1787. På Oksvoll-låven vart kjørehjulet demontert i 1925/26. Det store kjørehjulet har ein diameter på 5 m og vart trekt rundt av to hestar. Hjulet er kopla til eit anna tre-hjul i etasjen over, som igjen er kopla til ei snelle som driv treskverket. Her er eit tannhjul av tre som driv valsen som mater kornstråa inn i treskverket. Golvet bak treska er fullt av hol for at kornet skulle bli solda direkte ned i underlåven. I midtrommet i underetasjen vart kornet reinsa og sortert ved å bli kasta med kastespjeld. Her sto handkverna. I slipbua var slipsteinen plassert, men rommet kunne og tene som skjul for vogner og sledar i tillegg til ekstra stallrom for hestar som frakta gjester til gards.

Masstua

Masstu tunet

Matstua, eller ”masstu” som denne typen hus gjerne blir kalla i vårt distrikt, kjem frå Østerås i Sparbu. Den er bygd i 1890, og flytta delvis heil til Egge Museum i 1986.

Dette huset er bygd i ein kombinasjon av lafting og bindingsverk. Mot sluten av 1800-talet vart det vanleg å avgrense bruken av heiltømmer til dei viktigaste opphaldsromma for menneske og dyr. I motsetnad til den tradisjonelle samanhogginga med laftehovud i hjørna som ein t.d. finn på Leinsleira, er matstova tømra med kamnov. Dette gjer husa enklare å bordkle, da ein slepp å lage laftekasser i hjørna på huset. Veggane er tømra opp med 13 omfar. Den øvste stokken held fram i bindingsverkdelen, og tener som underlag for bjelkane som ber golvet i 2. etasje.

Matstua var eit grovkjøkken. Her vart det baka flatbrød og potetkake. På bakstehylla vart det laga skeiblakake, tynnlefse og mørlefse. I grua kunne ein og koka og varma i store gryter. Bakaromnen vart nytta til brødsteiking. Lysstøyping og såpekoking kunne og foregå i matstua. Mange stader budde folket på garden i dette huset om sommaren, medan våningshuset vart rundvaska og golva måla.

Det andre rommet i første etasje hadde meir uthuspreg. Slaktinga føregjekk her, og ofte sto ein høvelbenk i eit hjørne til enkelt snikkararbeid. Rommet fungerte og som vedskjul.

Matstulemmen vart nytta til lager og tørkerom.

Fjøset

Fjøset

Dette fjøset med stall er frå Ulstad vestre i Beitstad. Uthuset er satt opp i 1895 og er delvis lafta og delvis bygd i reisverk. Det vart flytta til Egge Museum i 1992.

Står du på tunet og ser på første etasje, finn vi lengst til høgre ei vognbu og lagerplass som går over heile breidda på huset. Vegg i vegg med denne ligg stallen med stallporten framom. Vognbua og stallporten er bygd i reisverk, men stallen er lafta. Dette er fordi det var bruk for varme rom der det skulle vere dyr. I stallen var det plass til to hestar.

Mellom stall og fjøs er det eit opent rom, frauporten. Gjødsla vart måka inn i dette rommet gjennom glugger frå stallen og fjøset. Her inne er det og bygd opp ein treseters utedo med inngang frå stallporten.

På venstre side av frauporten er det ein kvadratisk tømmerkasse som fungerte som fjøs for storfe. Krøttera sto på to rekker med hovudet mot veggen. Ei fjøsinnredning frå 1890-talet med båsar og krybber i tre er rekonstruert. Ved veggen var det fôrgang og på tregolvet bak dyra var det gjødselrenner som leda mot fraugluggen. Omkring forrige århundreskifte var det vanleg å kalke veggane ein gong i året. Det er også gjort her.

I enden av fjøset går det ei låvebru opp til andre etasje. Her er det eit stort samanhengande rom som i dag blir brukt til utstilling, men som opphavleg har vore brukt til oppbevaring av høy og vinterfôr til dyra.

Talestu

Talestu haust 2012 (1)

Tale var dotter av Mortinus og Rebekka Benum som sette opp denne husmannsstua på bakken ved Moldelva, Vellamelen i Beitstad. Ho var ein av 8 søsken, men etter at 4 døydde i difteri, to flytta til Amerika og ein vart småbrukar på Skogn, vart Tale verande åleine heime for å ta seg av foreldra. Ho var ei flink syerske og glad i song og musikk. Mange stakk innom husmannsstua heilt inntil vegen, og stua fekk snart namnet ”Talestu”. Tale døydde i 1978 etter å ha tilbrakt dei siste åra på aldersheim.

Tradisjonen seier at stua opphavleg har stått på Østre Aunan i Dalbygda. Dateringa på tømmeret tilseier at den er bygd i 1853. Huset vart flytta til Vellamelen i 1878. Uthuset er heilt tydeleg bygd inn til stua sjølv om dette ikkje vises på utsida. Tømmeret til fjøset er felt vinteren 1879/80. Uthusdelen vart merka og plukka ned før flytting til Egge Museum i 1993. Det lafta våninghuset vart flytta heilt.

Ytterveggane på stua er tømra heilt opp til gavlspissane, om lag på midten er det ein tømra delingsvegg opp til rafta. Veggane er kledd med umala tømmermannspanel. Taket var opphavleg tekket med spon, som no ligg skjult under bølgeblikk. Den to-fløya ytterdøra er ein rekonstruksjon laga på bakgrunn av eit par ramtre og ei gammal dørfylling som vart funne i uthuset. Uthuset er reist i bindingsverk, men i eit hjørne på framsida er det ein liten tømmerkasse der det har vore plass til småfe. I 1891 var det 2 sauer, 1 geit og nokre høns på bruket. Ved sida ev fjøskassen er eit toseters utedo. Det er ingen vindauge i uthusdelen, men inngangsdøra er todelt slik at ein kunne få arbeidslys ved å opne den øvste halvparten. Over fjøset er det ein høylem. Det er inga lembru opp dit, så fôret måtte kastast inn gjennom ein port i veggen.

Smia

På midten av 1930-talet fekk Steinkjer Museum tatt over den gamle smia som sto på Bartnes i Beitstad. Tømmeret som er brukt i bygningen er felt i 1832/33.

Da smia vart flytta til Eggemarka, vart den sett opp med tanke på at den framleis skulle fylle si tradisjonelle rolle. Avl og skorstein vart bygd av naturstein og skinnet i blåsebelgen sett i stand med nytt skinn.

Smia er ein tradisjonell lafta tømmerbygning. Ut frå dei tette årringane skulle ein tru det var brukt furu, men det er gran som har voksi veldig seint. Smia har berre ei lysopning. Dette var ein viktig detalj for at smeden skulle sjå når det var rett farge på gløden i metallet og kolet. Det var på denne måten han visste når det var oppnådd høg nok temperatur til arbeidet. Taket på smia er tekket med never og torv.

Smiing er truleg eit av dei første handverka her i landet som vart utført ut over den enkelte sitt behov, altså på bestilling for sal. Smeden møter vi i skriftlege kjelder allereie i den mytologiske overleveringa, da som ein mektig og hemmelegheitsfull kunstnar. I følgje Edda er det dvergane som smir våpen til gudane, og smeden Volund er son av ein konge og halvt gud. Dette syner smeden sin høgt respekterte posisjon i samfunnet, og at folk visste å verdsette kunsten å smi.

Badstua

I september 1935 sto det ein notis i ”Inntrøndelagen” om at badstua frå Mediås i Snåsa hadde kome til Steinkjer Museum. Midt på 1980-talet vart den flytta hit til Eggemarka.

Denne låge bygningen i ein etasje er oppført i lafta tømmer frå 1844 med åstak. Låg er også inngangsdøra som sit på gavlveggen. Typisk nok er taket trekt fram på denne enden, samtidig som det er sett opp veggar av bordkledning i fortsettinga av langveggen. På denne måten vart det utvendig eit skjul med tre vegger der ein kunne oppbevare mellom anna ved. Taket er tekket med never og torv. Utvendig er huset tjærebreidd.

Vi veit ikkje sikkert korleis eldstaden i vår badstue har sett ut, men dette er ein kopi av den som vart rekonstruert i 1935. Den store steinomnen med to brennkammer fyller nesten heile rommet. Bygningen har ikkje skorstein, da røyken skal trekke ut gjennom opne gluggar i gavlveggen.

I tillegg til å fungere som ei badstue kunne ein og tørke og røyke mat her inne, både korn, kjøtt og fisk. Badstua har inga innreiing, men spor i takåsane syner at det har vore ei treramme over omnen der ein kunne plassere det som skulle tørkast eller røykast.

Tørkhuset

Tørkehuset er gitt i gåve til Steinkjer Museum frå garden Bartnes i Beitstad i 1942. Det vart flytta hit til Eggemarka på midten av 1980-talet.

Tørkehuset er truleg bygd i 1853, og gjennomgjekk ei større restaurering i 1897. Huset er tømra, og typisk nok er taket trekt fram på den eine enden. Samtidig er det sett opp veggar av bordkledning i fortsettinga av langveggane. Denne svalgangen vart truleg bygd for å lage eit skjul til oppbevaring av all veden som trongst til arbeidet i eit tørkehus. Inngangen er i gavlveggen med denne svalgangen. Det er berre eit vindauge. På taket er det lagt spon etter gammal tradisjonell metode.

Etter tresking vart kornet bore til oppbevaring på stabburet, men ofte måtte det gis ein ekstra tørk før det kunne males til mjøl. Til dette arbeidet var det på mange gardar sett opp eit tørkehus. Her vart det fyrt opp under tørkehylla der det stadig måtte røres i kornet med ein kore eller kam, for at det ikkje skulle bli brent. Skulle kornet brukast til ølbrygging, var denne tørkeprosessen viktig for farge og smak på maltet. Når tørkinga var ferdig, vart kornet leda ned i ei stor kiste via ei renne.

Eldstaden er sett opp av naturstein. Tørkeinnretning og mur er rekonstruert etter tradisjonell tørkehylle. Sjølve hylla består av to gamle omnsplater. Kammen er av tre.

Stabburet

Stabburet frå Finnsåsplass i Snåsa vart i 1935 gitt til det som den gong heitte Steinkjer Museum. Da museet flytta til Eggemarka vart sjølvsagt stabburet med på flyttelasset.

Stabburet er det eldste huset vi har på Egge Museum. Det kom til Finnsåsplass i 1878 frå Ryggvoll, men ei årringsanalyse syner at veggane er mykje eldre. Dei fleste stokkane er felt vinteren 1755/56. Eit par omfar under raftstokken er datert til 1904. Dette er truleg fordi stabburet opphavleg har hatt berre ein etasje, men er delt opp og gjort høgare i samband med omlegging av taket tidleg på 1900-talet.

Stabburet er bygd av lafta tømmer. I første etasje er gavlveggen trekt inn, slik at det blir ein svalgang. Frå denne opne gangen går døra inn til rommet der maten vart lagra. Stabburet fungerte som eit spiskammers for både kjøtt, fisk, korn og bakevarer. Ein stige leder opp til andre etasje som vart nytta som lagringsplass. Taket er tekt med never og torv, og huset står på eit tradisjonelt rammeverk med stolpar med breie halvkløyvingar på toppen. Trappa er sjølvsagt trekt eit stykke frå svalgangen for å hindre mus og andre dyr i å kome inn til matfatet.

Det går ei historie om at ein av stabburet sine tidlegaste eigarar hadde ry som tanndoktor. Han kurerte sine pasientar ved å stikke ein liten treplugg i tannkjøttet ved den vonde tanna til blodet tøt ut. Deretter vart trepluggen, og tannpina med den, slått inn i stabbursveggen. I langveggen mot vest er det framleis mange hol og nokre trepinnar igjen etter tannlækjaren i Snåsa.

Skogastu

Skogforvaltar Asbjørn Risberg tok initiativet til å bygge ei tømmerkoie i Stod prestegårdsskog. Skogastu, som er den lokale nemninga på denne typen bygg, vart reist av byggmeister Albert Binde i 1925. På 1980-talet vart koia reve og etterkvart overtatt av Egge museum.

Av det opphavlege bygget er det stort sett berre tømmerveggane tilbake. Men ved hjelp av originalteikningane og bygningsspor er både huset og fast interiør rekonstruert så godt det let seg gjere.

Dette er ei tradisjonell skogstue med inngang omlag midt på langveggen. Rommet i midten var for oppbevaring av ved, mat og utstyr til både skogsfolk, kokke og hest. Opphaldsrommet var til venstre. Her var det plass til 8 menn og ei skogskokke. Over omnen vart det kokt mat og tørka blaute og sveitte klede. Sengebenkane er breie, for det låg to mann i kvar seng med føtene mot einannan.

I rommet til høgre sto hestane etter avslutta arbeidsdag. Arbeidslaget var på arbeid i skogen opp til fleire veker i strekk. Ein kan tenke seg for ei lukt det kunne bli i skogastua når 8 sveitte skogskarar trakk av seg blaute sko og ullstrømper for å tørke alt som var vått rundt om og over omnen. Der sto det kanskje også ei gryte havregrynsgraut med flesk og kokte medan eit par slitne hestar sto og dampa i rommet ved sida av.

Meir om gamle handverks- og arbeidsteknikker finn du på https://www.steinkjer-kommune.net/eggevandring/egge/index.php