Egge gård

(Foto: Egge gård, tidlig 1900)

Frå 900-1000-talet kjenner vi namna på tre mektige høvdingar som budde på Egge, nemleg Trond Haka, Olve og Kalv Arnesson. Høvdingsetet den gongen låg truleg på same stad som våningshusa har ligge plassert opp mot vår tid. Spor etter gardsbusetting før denne tid kjenner vi ikkje til, men gravfeltet på Ølvisheim tyder på at garden låg i dette området i romartid (0-400), og ved gravhaugane langs Sigridstien i folkevandringstid (400-570).

Kjeldene er temmeleg tause utover i mellomalderen, men vi må gå ut frå at kongsgarden Egge hadde ein funksjon som administrativt senter og tente som bustad for sysselmenn og seinare fogdar frå midten av 1000-talet og framover.

I 1568 fekk Ingebjørg Krumme kongens brev på Egge som pensjon for at mannen vart drepen i Jemtland under 7-årskrigen. Ho vart seinare gift med Peder Thomessen og desse renoverer heile gardsbruket. Det vart reist to nye stuer, ein kjellar, ei matstue, høybu, fjøs på tre stokkelengder, tørkus for malt og ei badstue.

På 1600-talet blir Egge seld på private hender, og etter at den adelege Jacob Slippenbach døydde i 1699 gjekk garden over til prestefamilien Hersleb. Christian Hersleb var kapellan i Stod. Nokre år etter at han døydde i 1761 besøkte Gerhard Schønning Egge og han er tydeleg imponert over dei temmeleg store bygningane som førre eigar hadde reist.

Garden går så over i slekta Rosenvinge. Ein av dei, Eilert Olaus Rosenvinge åtte Egge til han døydde i 1864. Han gifta seg under sin stand, med ei bondedotter frå Beitstad, Rebekka. Medan desse regjerte Eggevammen brann både låve, stall og fjøs ned i 1857, men våningshusa berga. Rebekka sørgja for å reise nye store uthus på Egge, og det er desse husa som har stått, og delvis framleis står, på Eggetunet.

I 1886 vart store delar av Egge gard seld til Steinkjer kommune som trengte meir plass til den veksande byen. Det var sagbrukmester Anders Grindaker som selde til kommunen, og sjølv åtte han den resterande delen som held fram med å heite Egge gard. Etter at Carl Larsen også hadde hatt Egge nokre få år kjøpte den tyske jeger og friluftsmannen Otto Schulz garden i 1897, da han kom flyttande til Steinkjer på grunn av sin kjærleik til Jeanette Martens. Det var dotterson av desse, Svein Otto Hauffen som åtte garden da hovudhuset brann ned til grunne i 1970 og bårstua i 1978. Egge gard si lange historie var med dette avslutta og området er i dag park- og friluftsområde eigd av Steinkjer kommune og forvalta av Egge Museum. Heile området er freda.

“Se!”

Olve peker sørover, og hun
fulgte retningen med øynene.
Der, høyt på eggen,
lå gården. Trygg og traust
lå den der, hus ved hus,
som høvding blant gårder.

(Fra “Sølvhammeren” av Vera Henriksen)

 

Stabburet er eitt av to hus som fortsatt står på gården

Den vakre hagen på Egge gård