Byasetra

Fleire gardar i Egge brukte Byafjellet til seterdrift. Byasetra var heimseter. Det vil seie at den låg så nærme garden at mjølka vart frakta ned til gards morgon og kveld. Kanskje er det setra på Byafjellet i opp mot 1000 år, men vi finn lite historiske kjelder før 1850. Da vart det starta opp meieri på Byasetra med produksjon av sveitserost, mysost og smør. På vollen var det seterhus, masstu og fjøs med ei besetning på 30 kyr.

Da Steinkjer meieri vart stifta i 1877 vart mjølka sendt i løypestreng ned Byafjellet og fram til garden. Derifrå vart mjølkespanna transportert med hest til meieriet. Seterdrifta held fram til 1946, men framleis den dag i dag beiter kyr på setervollen til Byasetra kvar sommar.

Fjøset og masstua er borte, og i 1995 plukka Egge museum ned restane etter seterbua. Frå 2004-2012 vart det over kortare og lengre periodar arbeidd med restaureringa av huset. Dendrokronologiske prøver syner at huset er reist i 1856/57, men at enkelte stokkar er så gamle som 1779. Hausten 2012 kom råbygget på plass ute på friluftsområdet, og vi opna Byasetra for publikum til sesongstart i 2014.

Byasetra ligg ovafor museet, mellom tunet og verkstaden. Huset er ikkje så godt synleg frå tunet, men det tek berre få minutter å gå dit.

Byasætra under oppsetting_sept2012 (4)