Kulturforedrag: Kulturminnevern og geocaching

« Tilbake til kalender

NÅR:  5. apr 2017 @ 19:00 - 21:00
Hvor:  Fylkesmannsgården
Pris:   Inngang: 120,- inkl. kaffe og kake.

Geocaching er ein stor aktivitet på verdsbasis. Det går ut på å finne ting som er gøymde rundt omkring. Tingen som er gøymd, har si eiga side på nettet med opplysningar og oppgåver. Ved hjelp av GPS kan ein finne tingen, signere ei gjestebok og registrere besøket på nett. Mange av dei gjenstandane som er lagt ut har med seg ei historie om kulturminne, ja, ofte er det slik at geocachane blir den beste introduksjonen til lokalhistorie og kulturarv når ein kjem på ein ny stad. På den andre sida er det viktig at dei som legg ut cachar ved kulturminne, gjer det utan å skade kulturminnet og at det skjer i forståing med den som eig det.

Geocacharar frå inn- og utland er inviterte til Egge i pinsa i år, det kjem truleg over 500. Det er dermed god grunn til å fortelja publikum i Steinkjer om dette no i vår. Kanskje er det nokon som får lyst til å lære og bli med.

Kolbein Dahle har arbeidd med museum og kulturminnevern heile sitt vaksne liv. På eldre dagar har han leia Fortidsminneforeninga i Nord-Trøndelag. Han har også vore geocachar i 5 – 6 år og interessert seg spesielt for geocahing og kulturarv.

 

Egge Museum